 |
Ernst Valderahaug starta i den nyoppretta stillinga 1. november 2006, og
den 24. januar i år skal sentralen ha si offisielle åpning.
Sentralen vil samarbeide med alle lag og organisasjonar i kommunen. Ein
skal kunne få utført alle mulige oppdrag, som mellom anna leksehjelp,
lesehjelp, trasnportteneste, plenklipping, måling av hus osb. Dei vil òg
stå for natteravnopplegg her i kommunen, og i nabokommunen Ålesund. Dei
vil disponere eit møterom med 28 sitjeplassar, og Giske Rotary vart
invitert på besøk når det måtte passe.
Vi takkar Ernst for orienteringa, og for initiativ og pågangsmot. |
|