Giske Rotary

 


Startside

Giske Rotary

Program

Aktiviteter

Om Rotary

Historie



Distrikt 2305



Guvernørens månedsbrev

 


The Rotary
Foundation

 
 
Antall besøk på
Giske Rotary sin
hjemmeside:
 

Hit Counter

Nyetableringar innan kultur i Giske kommune
     
Torsdag 28. september fekk Giske Rotary klubb besøk av Geir Granneman. Han fortalde om planar og idèar innan kulturliv/underholdning og nyetableringar i Giske kommune. Vi takkar Geir for at han tok turen for å fortelje oss om planene sine.
 

 

Geir Granneman er gift med Anita frå Vigra, og ein tur til Sunnmøre vekte interesse for det lokale kulturlivet, -eller mangel på det.


Han overtok drifta på ”OJ” og den nye utestaden fekk namnet 3M. Dette står for Mat, Musikk og Morro.
 

Saman med Aslak Molvær står han for Sunnmøre musikkfestival, eller SUM  som dei kallar seg. Etter at dei arrangerte 3M–festival på Valderøya i sommer, der dei nye Gitarkameratene var det store trekkplasteret, har dei allereie nye ting. SUM planlegg 4-5 større 3M–festivaler neste år. No arbeider dei mellom anna med bluesfestival i Ålesund på Rica Parken, der også hotellet er medarrangør.

 

Grannemann orienterte òg om at etableringa av "MAGASINET”, eit tverrkulturelt senter i Gjendembuda på Roald, har stoppa opp då bygninga er solgt. Han arbeider likevel videre med denne saka. Om kort tid opner òg ein ny 3M-utestad i Langevåg.

 

  

Send e-post til webmaster@giskerotary.no med spørsmål om, eller kommentarar til dette Webområdet.
Copyright © 2007-2011 Giske Rotary
Sist endra 16 December 2011 00:16