Giske Rotary

 


Startside

Giske Rotary

Program

Aktiviteter

Om Rotary

Historie



Distrikt 2305



Guvernørens månedsbrev

 


The Rotary
Foundation

 
 
Antall besøk på
Giske Rotary sin
hjemmeside:
 

Hit Counter

Besøk av Distriktsguvernøren for D2280  

Torsdag 24. august fekk Giske Rotary Klubb storfint besøk. Distriktsguvernør Per Ottesen frå Trondheim hadde saman med kona Anne Katrine Wordal fekk omvisning i kommuna før Guvernøren presenterte sine tankar om arbeidet for Rotaryåret 2006/2007.
   
     
  Det var eit fullsett møterom som tok imot Distriktsguvernøren med følgje torsdags kvelden i åttetida.

Omlag tretti medlemmar og gjester hadde funne vegen til flyplassen i dette høvet, og guvernøren hausta stor applaus for visjonane han delte for Rotaryåret 2006/2007.

President Egil Synes overrekte velkomsthelsing til guvernøren på vegne av klubben, og orienterte om omvisninga i kommunen presidenten hadde gjennomført saman med gjestane.
   
 

  Ottesen vart innsett som guvernør i juni, og er no på reise rundt i distriktet. Han har som mål å vitje alle dei 58 klubbane, frå Sunnmøre i syd til Namdal i nord. Han vart sjølv medlem i Trondheim Rotaryklubb i 1993, og fekk tildelt heidersutnemninga Paul Harris Fellowship i 1998.

Guvernøren minna om at Rotary-klubbene er hovedpulsåra i Rotary. Sterke Rotary-klubber gir eit sterkare Rotary. Han var godt nøgd med Giske Rotaryklubb sitt arbeid, og oppmoda medlemmane om å halde fram det gode arbeidet.
   
     
Distriktsguvernøren overrekte ei helsing frå Verdspresidenten William B. Boyd, Rotary Internasjonals President. Boyd har som motto: "Lead the way - to a better Rotary and better communities".

Guvernøren trakk spesielt fram kampen mot Polio, og oppmoda om å støtte Rotary sitt humanitære arbeid. Ottestad poengterte spesielt at eit uavhengig amerikansk ratingselskap har plassert Rotary International heilt i teten av organisasjonar som bruker minst av dei innsamla midla til administrasjon.
   
     

Send e-post til webmaster@giskerotary.no med spørsmål om, eller kommentarar til dette Webområdet.
Copyright © 2007-2011 Giske Rotary
Sist endra 16 December 2011 00:16