Giske Rotary

 


Startside
Om Rotary
Giske Rotary
Historie
Program
Arkiv
100 års prosjekt
Fotogalleri
Linkar
Kontakt



The
Rotary
Foundation

Lyst å vite litt
mer om Giske Rotary og kanskje bli medlem?
Se da på linkene nedenfor:

 
Noe av det vi holder på med
 
Flygeblad om Giske Rotary
 
Informasjon om Rotaryskolen
 
Antall besøk på
Giske Rotary sin
hjemmeside:
 

Hit Counter

Historie

Bakgrunn
Tanken bak etableringa av Rotary var at leiarar for ulike verksemder regelmessig skulle treffast i ein kameratsleg setting for å lære kvarandre å kjenne, utveksle erfaringar og støtte kvarandre i deira arbeid for å drive heiderlege verksemder. Medlemskapen skulle avgrensast til èin representant for kvar bransje eller kvart yrke. De skulle møtast kvar veke etter tur på kvarandre sine arbeidsstader. Med vekslande møtestader kunne medlemmane lære mest muleg om kvarandre sine yrke, fremje vidsyn, auke forståinga og respekten for kvarandre. Med utgangspunkt i den opphavlege møteordninga foreslo Paul Harris at den nye organisasjonen skulle ha namnet Rotary.
 
Startklubben
Fire menn frå heilt ulike miljø reknast som startklubben i det som med åra vart til Rotary International. De 4 var av nordamerikansk, tysk, svensk og irlandsk opphav og hadde protestantisk, romersk-katolsk og jødisk tro. Ein var skreddar, ein gruveingeniør, ein kolhandlar og ein advokat. Alle medlemmane i denne første rotaryklubben var innflyttarar med same behovet for eit vennskapeleg miljø, for gjensidig inspirasjon og støtte. Idéen viste seg å fylle eit behov hos fleire og fleire. Medlemstalet i den nye klubben vaks raskt. Den første offisielle medlemsoversikten frå 1905 inneheld 30 namn.
 
Utviding
I 1908 blei den andre rotaryklubben organisert i San Fransisco, i 1909 blei det skipa enno 5 klubber til, og då den første årskongressen (convention) blei arrangert i 1910 var 16 klubbar etablert.
 
Internasjonalt

Paul Harris’ idé spreidde seg over heile verda. I 1912 blei de første klubbeane i Europa etablert; i London, Dublin og Belfast. No endra organisasjonen namn til The International Association of Rotary Clubs som i 1922 ble forkortet til Rotary International.

I åra som kom vaks organisasjonen raskt, til trass for første verdskrigen. I løpet av 1920-årene blei Rotary verkeleg global, med spreiing til heile det europeiske kontinent (Madrid 1921) og vidare til Syd- og Sentral-Amerika, Afrika, Australia og Asia. Allereie etter 20 år, i juli 1925, var det etablert 2096 klubber med ca. 108 000 medlemmer omkring i verda. Ved 75-års jubileet i 1980 var det over 18 000 klubber med ca. 850 000 medlemmar. I dag er det nærare 32 000 klubber med over 1,2 millioner medlemmar i 166 land og geografiske regionar.

Etter første verdskrigen blei det etablert klubber i mange land i Aust-Europa. Men med kommunismens inntog blei desse forbudt, noko dei framleis er i Kina og på Cuba. Men i dei fleste andre tidligare kommunistland er Rotary igjen på plass.

 
Service above self
Service i ei kvar tyding av ordet har følgt Rotary frå starten. Med den internasjonale utbreiinga fekk samfunnstenesta i klubbane sin forlenging til internasjonal teneste. Under og etter 2. verdskrigen er det nettopp Rotarys engasjement på den internasjonale arena som har gjort organisasjonen anerkjent som ein sentral Non Governmental Organization, med fast representasjon og på konsultativ basis i dei fleste store internasjonale, offisielle organisasjoner, ml.a. WHO, UNESCO, UNICEF, FAO, Organisasjonen for Amerikanske Stater, Organisasjonen for Afrikanske Stater, og mange andre.

Rotarys nære forbindelsar med FN-systemet vises bl.a. ved den tradisjon at Rotary International’s President kvart år held ein tale i FN-bygninga i sambande med FN’s charterdato, 24. oktober.
 
Rotary i Norge

Rotary kom til Norden og Noreg med Kristiania Rotary Klubb 1. juni 1922 (charter-dato). Klubben ble konstituert på Rotarys fødselsdag 23. februar 1922. 

Den norskamerikanske senator Olaf M. Oleson frå Fort Dodge Rotary Club, Iowa tok initiativ til etableringa av Kristiania-klubben. Ved byens namneendring skifta naturleg nok klubben namn til Oslo Rotaryklubb. Etter charterdato er Oslo Rotaryklubb òg den eldste rotaryklubben i Skandinavia.

Oleson hadde deltatt på Rotary Internationals årskongress (Convention) i Edinburgh i 1921 – den første i Europa. Under eit besøk i Noreg tok han saka opp med gamle vener og oppmoda sin nevø, Ola Five, til å forsøke å starte opp ein klubb i Kristiania. Den 13. oktober 1921 etablerte Five ein organisasjonskomité med seg sjølv som sekretær. Trygve H. Wegge blei klubbens første president og ved utgangen av 1922 hadde klubben 17 medlemmar.

Frå Kristiania/Oslo bredde Rotary seg utover landet. Oslo-klubben blei etter kvart fadder for ei rekkje andre klubbar - først for Stavanger og Bergen Rotary-klubber i 1924.  Opprettinga av det første rotarydistriktet i Norge – det første i Norden – fann stad i 1927 med Nils Parmann (Oslo RK) som den første distriktsguvernøren. Noreg fikk sin første Interact-klubb i 1964 (Oslo) og sin første Rotaract- klubb i 1969 (Gimle).

 
Inner Wheel
Inner Wheel som opphavlig var ein klubb for Rotarianeres hustruer, er no ein stor sjølvstendig organisasjon med liknande formål som Rotary. Den første Inner Wheel klubben i Noreg ble stiftet i Bergen og feirar i år sitt 70 års jubileum. I 1989 opna Rotary International for at også kvinne kunne få medlemsskap i organisasjonen.
 
Rotary Foundation
Med utgangspunkt i Paul P. Harris’ yrkesetiske og sosiale formål med Rotary, hadde organisasjonen frå starten klare mål med verksemda si. Men fokus på samfunnsteneste og internasjonal teneste kravde finansiell støtte. Eit viktig trinn i Rotarys historie var derfor opprettinga av Rotary-fondet («The Rotary Foundation») i 1917. Rotaryfondet vaks med åra til å bli eit kraftig verkemiddel i Rotarys arbeid for å støtte ungdom i utdanning, internasjonal kontakt, lokale og globale samfunnsprosjekt og eit utal av aktivitetar som etter kvart har hjelpe hundrevis av millionar menneske.
 
De fire avenyer

Eit anna merkeår er 1926. Da opprant ideen om de fire hovedvegane: Klubbtenesta, samfunnstenesta, yrkestenesta og internasjonal teneste. Frå 1927 ble de såkalla fire avenyar (The Four Channels of Service) ramma for handlingsprogrammet for all Rotaryverksemd og idéen om å se på Rotary som ein motorveg med fire kjørebaner. I utgangspunktet markerte Rotaryhjulet bevegelse og handling. Avenyane markerte Rotarys aktivitetar i full breidde.

Dermed har Rotary presentert seg som en heldekkende serviceorganisasjon, hvor innsatsen tilpasses den enkelte klubbs lyst og yteevne i forhold til både lokale og globale behov. Rotary driver service på alle tenkelige områder der klubbene ser behov for tjenesteyting. Som verdens første frivillige, uavhengige serviceorganisasjon har Rotary plass til alle med den ene ting til felles: Ønske om å vise uegennyttig service. Det er Rotarys misjon. 

Sitt første emblem fikk Rotary allerede i stiftelsesåret 1905. Det forestilte et enkelt vognhjul i bevegelse i en støvsky. Det skulle symbolisere sivilisasjon og fremtid. I 1923 ble det nåværende tannhjulet til, med 24 tenner, 6 eiker og et kilespor som symbol for «arbeid - ikke hvile».

 

Rotary som mønster for andre

Som den første – i enhver betydning av ordet – globale, uegennyttige, konfesjonsløse, ubundne, frivillige serviceorganisasjon har Rotary tjent som forbilde for dannelse av andre betydelige serviceorganisasjoner, som Kiwanis International (1915), Lions International (1917) og Optimist International (1919). Kvinnelige serviceorganisasjoner, som Zonta International (1919) ble også bygget opp etter Rotarys mønster. Rotarybevegelsen har vært bidragsytere ved etableringen av mange velkjente, verdensomspennende organisasjoner, først og fremst De Forente Nasjoner – FN og UNESCO. Med sine betydelige bidrag ved etableringen av FN ble grunnlaget lagt til at Rotary siden har vært delegert og hatt observatører ved de fleste FN-organisasjoner og møter.
 
PolioPlus-programmet
I tillegg til mange lokale og internasjonale prosjekter, har Rotary i de siste 25 årene arbeidet for utryddelse av poliomyelitt. Det startet i 1979 som en 5-årsplan for å skaffe og distribuere poliovaksine til 6 millioner barn på Filippinene.   Inspirert av suksessen, begynte Rotary sin planlegging av det mest ambisiøse program i hele sin historie: Immunisering av alle verdens barn mot poliomyelitt. Planen bygget på et samarbeid med internasjonale, nasjonale og lokale Rotary-klubber til utryddelse av polio. WHOs tidligere generaldirektør, Gro Harlem Brundtland, fremhever.

PolioPlus-programmet som det største helseprosjekt noensinne. Prosjektet har blitt en historie om helter og heltegjerninger og et eksempel på samarbeid mellom Rotary og WHO, UNICEF og CDC.

 

 

 


Send e-post til webmaster@giskerotary.no med spørsmål om, eller kommentarar til dette Webområdet.
Copyright © 2007-2011 Giske Rotary
Sist endra 31 August 2010 21:42

Distrikt:   [ 2250 ]   [ 2260 ]   [ 2270 ]   [ 2280 ]   [ 2290 ]   [ 2300 ]   [ 2310 ]