|

| |
Om Rotary
|
|
| |
|
 |
Grunnleggjaren av Rotary |
|
Rotary vart stifta i 1905 av den amerikanske advokaten Paul Percy Harris.
Harris var bosett i Chicago, men sakna verdiane som han var vand med frå
oppvekstmiljøet i barndomsbyen Vermont. Etter ein søndagsmiddag hos ein
kjenning i Chicago i 1900, gikk dei tur i nabolaget og passerte mange
ulike verksemder. Her fekk han idéen til ein klubb for menneske frå vidt
forskjellige bransjar. Fem år seinare vart idéen sett ut i livet. Det
første møte vart gjennomført
23. februar 1905,
som deretter regnast som Rotarys fødselsdag. |
| Paul P. Harris |
|
|
 |
Rotary
er organisert på klubb, distrikt og internasjonalt nivå. Som
rotarianarar er vi medlemmar i vår eigen klubb. Klubben er igjen medlem
av
Rotary International (RI). Klubbane vel sine eigne leiarar og
har stort sjølvstyre innan lovene til organisasjonen.
Internasjonalt arbeider Rotary for
fred og forståelse over landegrensene gjennom internasjonal
ungdomsutveksling, omfattende studiestipender og spesielle
gruppestudieutvekslinger.
Noreg
er i dag eit av dei landa med den høgaste rotarianertettheit. Ca. kvar
300 innbyggar er rotarianar. Noreg er delt inn i 7 rotarydistrikt med
til saman 338 klubber og ca. 13 700 medlemmer. Over 10 prosent av disse
er kvinner og talet på kvinner aukar.
H.M. Kong Harald er æresguvernør for de norske rotarydistrikt og og
innehar Rotarys høyeste utmerkelse, Paul Harris Fellow. |
|
|
H.M. Kong Harald |
|
|
| |
Rotary
International (RI) leiast av ein president og eit styre på 17 medlemmar
frå hovudkontoret i Evanston, Illinois i USA. RI-presidenten velgast for
eitt år, styremedlemmane sit i to år. Over 500 guvernørar leier det
regionale Rotary arbeidet. Rotary i Noreg er delt inn i sju distrikt med
nesten 14.000 medlemmar i meir enn 330 klubber over heile landet. Kvart
distrikt leiast av ein guvernør, som i likhet med klubbpresidentane
fungerer eitt år - frå juli til og med juni. Norsk Rotary Forum fungerer
som fellesorgan for norske guvernører og fremjer kontakta mellom desse.
Rotaryklubben er
sjølve "ryggmargen" i den internasjonale rotaryrøyrsla. I rotaryklubben
møtes medlemmane kvar veke til frokost-, lunsj-, middags- eller
kveldsmøter. Du kan møte i din eigen lokale klubb, eller i andre klubber
over heile verda. Rotaryklubben skal vere ei god blanding av skjemt og
alvor, der både samfunnsspørsmål og rotarysaker diskuterast.
Arbeidet i
rotaryklubbane er delt inn i 4 hovedaktivitetar:
- Klubbtjeneste - Samfunnstjeneste - Yrkestjeneste - Internasjonal
tjeneste
Desse aktivitetane er grunnlaget for all rotaryverksemd.
Dersom du ønsker å lese meir om Rotary kan du gå inn på den
internasjonale heimesida www.rotary.org
|
|
| |
|
|
| |
|
|
|