|

| |
|
Rotarys Legebank i Kenya |
| |
|
|
| Giske
Rotary klubb hadde torsdag mars gleda av å få besøk av pensjonert
kommunelege Einar Røsaak. Han har tilbrakt ein periode i Kenya i oppdrag
for Rotarys Legebank. |
| |
 |
Rotarys Legebank er
eit tiltak innan Rotary som vart initiert i 1989 i Malmø i Sverige.
Legebanken sender i dag ca. 160 leger og tannlegar ut i verda,
hovudsakeleg til Afrika sør for Sahara, der dei gir bistand til eit folk
som har svært dårleg råd, er ramma av alvorlege sjukdommar og har dårleg
tilgang på anna medisinsk behandling.
Dei frivillige utsendingane behandlar omlag 100.000 menneskjer pr. år.
Røsaak opphaldt seg på ein stad i nærleiken av Victoriasjøen, nær
ekvator og omlag 1500 moh. Han viste bilete og fortalde om opphaldet
sitt, som varte i 6 veker i denne delen av Afrika. Befolkninga på staden
er svært angripen av malaria, og også HIV/Aids er svært utbreidd. Han
fikk også tid til å sjå ein del av det fantastisk rike dyrelivet i
Kenya. Røsaak heldt eit svært engasjerande foredrag som ga meirsmak hos
tilhøyrarane. |
|
|