|
 |
|
I eit lite kosleg naust på Giske vert det laga musikk av høg klasse.
Ambisjonar om høgt internasjonalt nivå på lokaler, utstyr og
kompetanse vart presentert av Ante og Arvid Giskeødegård denne torsdags
kvelden i september.
Lokale og nasjonale namn som The
Margarets, Number Seven Deli og Robert Post har gjort, eller skal gjere,
musikkinnspelingar i Ocean Sound Recordings sine lokaler i Giskefjøra.
Vi gler oss til å sjå kva mål gutane i dette platestudioet kan nå i
framtida. Lykke til! |
|