Giske Rotaryklubb har 34 medlemmar, av desse er det
7 kvinner. Vi møtes kvar torsdag kl 20:00, i lokalene til Giske
Frivillighetssentral ved Rådhuset på Valderøya. Fleire gonger i året er vi òg ute på
bedriftsbesøk i kommunen og i regionen, og vi både får, og dreg på besøk
til våre naboklubbar.
Rotary er ein organisasjon der det ikkje skal vere forskjell på kvinne
og mann, religion eller etnisk tilhøyrsle. I Giske Rotary har vi ein god
og kameratsleg omgangsform med kvarandre, og vi arbeider godt saman i
ulike komitear. På denne måten får vi òg høve til å bli godt kjende,
både med kvarandre, men òg med det næringslivet og samfunnet vi har
rundt oss.
Dersom du kjenner at Rotary sitt verdisett høver til ditt eige, og at du
kan tenke deg å lære meir om organisasjonen, er du hjarteleg velkomen til
å ta kontakt med oss for å vere med som gjest på nokre av medlemsmøta
våre.
|
|